[dropcap]J[/dropcap]anuar månad er tida då dei fleste har lyst på lette og magre måltid etter ei lang førjulstid med kaker og mektig mat. Denne salaten med asiatiske krydder kombinert med det søte frå mango og granatepler og det salte frå soyadressing er eit friskt pust i den vanlege middagsmenyen.
Stikkord: middag
Risotto med tomat & chorizo
[dropcap]K[/dropcap]rema og fyldig risotto med smak av tomat og chorizopølse er herleg vintermat som varmar godt. Risotto er superlett å lage og er det ultimate kosemåltidet både til helg og kvardag.
Lammekotelettar med marokkanske smakar
[dropcap]K[/dropcap]rydder og masse smak er det eg absolutt vil føretrekkje når det gjeld middagsmat. Spesielt kjøt av lam synest eg smakar ekstra godt når det er godt krydra med eksotiske smakar. Desse kotelettane har milde og aromatiske smakar frå krydder som kanel, spisskummen og nellik som passar godt saman med […]
Spinatpasta med bacon & sitronsaus
[dropcap]H[/dropcap]eimelaga pasta er både enkelt og kjekt å lage og kan varierast med ulike smakar. Denne pastaen inneheld spinat som gir den lysegrøne fine fargen og er servert saman med stekt bacon og ein krema saus med sitron og kremost.
Sterk kyllinggryte med epler & kokos
[dropcap]E[/dropcap]in kjølig haust-eller vinterdag er det ekstra godt å varme seg på ei sterk og smakfull karrigryte med masse chili og krydder. Denne kyllinggryta har ein god saus av tomatar og kokosmjølk og inneheld store bitar av kyllingfilet, epler og krydder.
Finnbiff med rosenkål & kantarell
[dropcap]E[/dropcap]in middagsrett eg ikkje kjem utanom kvar haust er finnbiffgryte. Her har du min versjon av den gode og krema gryta med reinsdyrskav, bacon, sopp, seterrømme og tyttebær.
Byggotto med erter & ørret
[dropcap]B[/dropcap]yggotto er rett og slett risotto som er laga på byggryn. Byggottoen er kokt med grøne erter og persille og blir kremete og god saman med pannestekt ørret med sitronpeppar.
Kyllinglår i honning-& sennepskraft
[dropcap]D[/dropcap]enne kyllingretten er så enkel at alle kan klare å lage den. Eit ekstra stort pluss er det at det ikkje tek meir enn rundt halvtimen til maten er klar og at alt kan lagast i ei panne. Retten består av kyllinglår med god steikeskorpe som badar ei kyllingkraft med […]
Lammecarrè med parmesan-& urtepanering
[dropcap]L[/dropcap]ammecarrè er den ultimate retten å servere dersom du vil imponere middagsgjestar med eit lammekjøtmåltid. Det utruleg saftige og smakfulle kjøtet står i herleg kontrast til det sprø lòket av sennep, parmesan og urtar.
Viltsuppe med lammekjøtbollar
[dropcap]E[/dropcap]r det noko eg er ekstra glad i så er det krema supper og gryter med viltkjøt og typiske tradisjonelle “norske” smakar og ingrediensar. Viltsuppe med kantarell, einebær, tyttebær og kjøtbollar av lammekjøt gir meg akkurat den assosiasjonen.