[dropcap]E[/dropcap]i skål med heimelaga granola, yoghurt og ferske bær er den perfekte frukost til både kvardag og helg. Denne varianten er søta med godt modne bananar og honning og gir ein perfekt sødme saman med naturell yoghurt eller mjølk.
Stikkord: nøtter
Pepperkakebiscotti
[dropcap]N[/dropcap]o når det er juletid får eg liksom ikkje heilt nok av alle julekrydder og spesielt då smaken av peparkaker. Biscotti er sprø italienske kjeks som smakar godt å dyppe i kaffèen eller til å nytast slik dei er. Denne utgåva har fått smaken av gode peparkakekrydder og inneheld også […]
Kvepsebol
[dropcap]K[/dropcap]akebokser som skal fyllast til jul betyr ein heil del eksperimentering og smaking på diverse søtsaker. Med nokre eggekviter til overs og ein forkjærleik for lakris, sjokolade og nøtter så blei desse marengskjeksa til. Kvepsebol som dei så fint heiter er små kjeks av marengs som er fylte med bitar […]
Baklava
[dropcap]S[/dropcap]øtt, knasande, klissete og krydra er stikkord for denne herlege tyrkiske dessertkaka. Med lag av filodeig, nøtteblanding med kanel og søt honningsirup dynka over det heile har du ein søt og smakfull godbit til kaffèen.
Jordskokksuppe med rista hasselnøtter & spekeskinke
[dropcap]H[/dropcap]austen er den tida det blir laga mest supper i dei fleste heimar. Jordskokk passar perfekt til suppe og gir ein rund og nøtteaktig smak som dei fleste vil like. Denne suppa er fyldig og krema og har eit hint av søtleg smak.
Karamell-& pistasjbollekake
[dropcap]M[/dropcap]juk og luftig bolledeig med klissete salt karamell og pistasjnøtter. Kan det bli bedre? Denne bollekaka får ein fin og karamellisert botn med masse hakka nøtter og ei herleg sprø overflate.
Mazarinterte med rabarbra
[dropcap]M[/dropcap]azarinterte er ei kake med botn av mørdeig og eit fyll av mandelmasse. Mazarin kjenner du kanskje best igjen frå barndommen i små porsjonsformer av metall med eit lag med kvit glasur på toppen. Denne varianten er laga som ei stor terte og har litt rabarbra i seg som gir ein […]
Kake- og desserttips til 17. mai
[dropcap]N[/dropcap]o er det kun få dagar igjen til 17. mai og med pinsestengde butikkar i dagane før så gjeld det å planlegge innkjøpa til det ein eventuelt skal bake eller lage til dagen.
Espressoiskake med nøttebotn
For deg som er glad i både iskrem og kake er ei iskake perfekt å servere som dessert på eit kvart festkakebord. Denne iskaka har ein god nøttebotn med tyggemotstand og ein iskrem med god smak av sterk kaffe. Det heile er toppa med eit lag med vaniljeiskrem og mokkabønner.
Amarettikjeks
[dropcap]A[/dropcap]maretti er italienske makronkjeks som er laga av eggekviter, sukker og mandelmjøl. Opprinneleg skal dei innehalde Amaretto som er ein italiensk mandellikør, men sidan eg ikkje hadde det brukte eg mandelessens. Kjeksa ser kanskje ikkje så spennande ut, men smaken er nydeleg. Sprø og knasande tekstur med god smak av […]