Stikkord: pasta

Ravioli med sopp

Heimelaga pasta er noko av det beste eg får, og er den i tillegg med fyll av skogens gull blir det enda betre. Denne raviolien er fylt med eit krema kantarell-og champignonfyll som smakar nydeleg.

Pølse-& spinatlasagne

[dropcap]L[/dropcap]asagne er den perfekte kosemat som passar like godt til kvardag som til helg. Når du høyrer ordet pølse-lasagne verkar det kanskje ikkje så forlokkende, men eg kan love deg at dette blei rett smakfullt! Smaksrike pølser av god kvalitet, kvit saus av ricotta og spinat og eit lok av […]

Gnocchi med kantarell

[dropcap]G[/dropcap]nocchi har blitt ein ny favoritt i heimen i det siste og erstattar ofte den vanlege pastaen. Den mjuke konsistensen og smaken poteta gir i ei pasta-deig må du berre prøve!

Kvit lasagne med kylling, sopp & spinat

[dropcap]K[/dropcap]vit lasagne er utan tomatsaus og har i staden ein fyldig og krema konsistens av krema kvit saus med fløte og ost. Saman med den kvite sausen er det smakar som kylling, spekeskinke, spinat og kantarell som gir ei herleg smaksrik oppleving.

Ravioli med spinatfyll & sitronsmørsaus

REKLAME [dropcap]R[/dropcap]avioli er pasta der ein har eit valfritt fyll som er lagt i mellom to plater med tynn pastadeig og servert med enten saus eller kraft. Allereie på 1500-talet var ravioli godt kjent i Roma og er stadig ein svært populær italiensk rett.

Pasta Carbonara med spekepølse

SPONSA INNLEGG / REKLAME [dropcap]P[/dropcap]asta alla Carbonara er ein italiensk pastarett som dei aller fleste har kjennskap til. Originalt er den oftast laga med spagetti, men kan også lagast med andre typar pasta. Sjølv om retten har mange ulike oppskrifter og metoder inneheld den alltid egg, pasta og parmesan.

Heimelaga pasta

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga pasta heilt frå botnen av kan ikkje samanliknast med ferdig kjøpepasta. Konsistensen blir mjuk og fyldig og det smakar rett og slett like ferskt som det er.

Glutenfri pasta

[dropcap]D[/dropcap]et er mange glutenfrie gode pastatypar å få i butikken, men det er uansett ingenting som  slår god heimelaga pasta. Denne pastaen lagar du enkelt og kan brukast som utgangspunkt til mange typar pastarettar.

Gnocchi med bacon & fløtesaus

[dropcap]D[/dropcap]en italienske retten gnocchi er ein type pasta som er laga av poteter og mjøl og er ofte servert saman med ein god saus. Her er gnocchien servert med ein god fløtesaus med steikte baconbitar, spinat og eit hint av sitron.

Gratinert pasta & kjøtbollar

[dropcap]E[/dropcap]in middag der alt kan lagast i same panne er praktisk mat for kvardagar. Denne retten består av tomatsaus, pasta, kjøtbollar og masse mozzarella, og det heile lagar du i same steikepanne. Toppar du det heile med fersk basilikum og parmesanost så har du eit smakfullt måltid i eitt!