Stikkord: pasta

Spinatpasta med bacon & sitronsaus

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga pasta er både enkelt og kjekt å lage og kan varierast med ulike smakar. Denne pastaen inneheld spinat som gir den lysegrøne fine fargen og er servert saman med stekt bacon og ein krema saus med sitron og kremost.

Kantarell- & baconlasagne

[dropcap]H[/dropcap]austen er på plass med all den gode soppen og då er det klart ein må lage gode måltid ut av det. Lasagne med timian- og smørsteikte kantarellar og sprøsteikt bacon i ein krema fløtesaus med spinat er eit skikkeleg luksusmåltid som det osar kos av.

Fiskegrateng

[dropcap]F[/dropcap]iskegrateng er noko dei aller fleste av oss er vande med å ha fått servert gjennom barndommen og framleis er den like aktuell. Denne varianten har både spinat, erter og sennep i seg og er ein litt fornya versjon av den klassiske gratengen eg har spist i alle år.

Lasagnerullar

[dropcap]L[/dropcap]asagne finnest i utallige variantar og versjonar både med og utan både kjøt og pasta. Denne gongen hadde eg lyst på noko litt annleis enn den tradisjonelle lasagnen og laga rullar av lasagneplatene. Resultatet blei ein av dei bedre lasagnemiddagar som har blitt servert her i huset. Dei gode og […]

Valnøttpasta med asparges

[dropcap]E[/dropcap]in herleg og annleis pastasaus med god smak av valnøtter som gir eit lite “krønsj” til den mjuke pastaen. Retten er også rask å lage og inneheld gode råvarer som gir mykje smak.

Pasta med squashsaus

[dropcap]P[/dropcap]asta med ein krema og herleg saus laga av squash, urter og fløte og toppa med sprøstekte baconbitar er ein rett som har gått igjen her i heimen i fleire år. Pastaretten er ein enkel og smakfull favoritt som kan minne litt om ein pasta carbonara.