Tarte au citron et lavande

[dropcap]F[/dropcap]ransk sitronterte er ein klassikar som du finn overalt i Frankrike. Denne terta med smak av lavendel er ein smaksopplevelse for dei som er glad i syrleg sitron og ikkje er redd for nye smakar.

Sitronterte består av søt mørdeig i botnen som er fylt med eit slags eggekremfyll med sitronjuice som skal steikast i ovn til det stivnar. Her er sitronterta smaksatt med tørka lavendel. Sitron og lavendel er smakar som harmonerer fint saman, berre du ikkje brukar for mykje lavendel slik du får “såpe”-smaken. Har du ikkje tilgong til tørka lavendel eller lavendeldråpar eller rett og slett ikkje likar smaken kan du fint droppe den utan at det skal ha noko å seie på smaken av terta!

DSC_0189

[recipe-foody]Ingrediensar til sitronterte med lavendel for ca. 6-8 personar:

Søt mørdeig:

  • 340 g hvetemel
  • 150 g meierismør, kaldt og i terningar
  • 90 g melis
  • 2 egg, lett samanpiska

Sitron-og lavendelfyll:

  • 4 egg
  • 2 eggeplommer
  • 285 g sukker
  • ca. 2 dl fløte
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 2 dl sitronjuice (ca. 3-4 sitronar)
  • sitronskal frå 3 sitronar, finrevet
  • 1-2 ts tørka lavendel (evt. nokre dråpar lavendelolje)

[/recipe-foody]

Lag mørdeiga ein times tid før bruk. Sikt hvetemelet i ein bolle og lag ei fordjupning i midten. Ha smøret i fordjupninga og knip det saman med peikefinger og tommel til det blir mjukt. Tilsett melis og kna det inn i smøret. Ha i dei samanpiska egga og rør rundt med ein gaffel. Gradvis jobb inn hvetemelet i smørblandinga. Kna saman deiga med hendene til den er glatt og smidig utan å jobbe for mykje med den. Form til ein ball og trykk den lett flat. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 1 times tid.

Forvarm steikeovnen til 190 ºC. Kjevle ut deiga til ein sirkel på ca. ½ cm tjukkelse og trykk den forsiktig ut i ei terteform med uttagbar botn på ca. 24 cm. Fjern eventuell overflødig deig som heng utover kanten på forma og sett den fylte terteforma i kjøleskap i ca. 20 minutter.

Blindsteik tertebotnen i ca. 10 minutter (dvs. bakepapir med tørre erter el. liknande oppi terteforma). Ta så ut bakepapiret med ertene og la tertebotnen steike utan i ca. 5 minutter til, til botnen er steikt men fortsatt bleik på farge. Skru ned steikeovnen til 150 ºC og sett tertebotnen til sides medan du blandar saman fyllet.

Ha egg, eggeplommer og sukker i ein bolle og pisk det saman med ein ballongvisp. Hell fløten i eggeblandinga i ein tynn stråle medan du fortsatt vispar. Ha så i vaniljeekstrakt, sitronjuice, sitronskal og tørka lavendel og bland godt saman. Sett terteforma på eit steikebrett og fyll tertedeiga forsiktig opp med egg-og sitronfyllet. Forma blir heilt full så ver forsiktig så det ikkje skvulpar over kanten. Sett forsiktig tilbake i steikeovnen og la stå i ca. 35-40 minutter, eller til sitronfyllet har stivna. Avkjøl på rist før du sett terta til kjøling i kjøleskap. Server sitronterta kald saman med litt piska krem eller rømme med vaniljesukker.

DSC_0166

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*