[dropcap]V[/dropcap]erdens beste epleterte, uten tvil! Den franske Tarte Tatin smakar ikkje som den norske eplekaka eller eplepaien i det heile tatt, men konkurrerer dei lett ut.
For å lage denne terta treng du ei steikepanne på ca. 24-26 cm i diamenter som tåler å stå i steikeovnen. Ingrediensane og utstyret forøvrig er få og enkle. Så her er det berre å sette i gong og prøve seg på denne nydelege desserten som ved fyrste augekast ikkje fenga meg. No veit eg bedre!
[recipe-foody]Ingrediensar til Tarte Tatin for ca. 6 personar:
Tertedeig:
- 220 g hvetemel
- 150 g meierismør, kaldt og i terningar
- 1 klype salt
- 1 eggeplomme
- ca. 2 ss kaldt vatn
Eple- og karamellfyll:
- 170 g sukker
- 70 g meierismør
- ca. 1 kg epler (bruk friske faste epler med god smak)
- 1 klype vaniljepulver
Crème Chantilly:
- 2 dl kremfløte
- 1 ts melis
- ½ ts vaniljeekstrakt
[/recipe-foody]
Start fyrst med å lage tertedeiga då den treng avkjøling før bruk. Sikt hvetemelet og saltet i ein stor bolle, tilsett så smørterningane og gni det saman med fingrane til du får ei blanding som ser ut som brødsmular. Tilsett så eggeplomma og vatn og rør rundt i midten av deiga med ein gaffel til den begynner å samle seg. Kna så deiga saman med hendene og form den til ein ball. Det er viktig at du ikkje jobbar for mykje og for lenge med tertedeig. Den skal berre samle seg saman og så til avkjøling. Pakk inn deiga godt i plastfolie og legg i kjøleskapet i minst 30 minutter før bruk. Synest du det er vanskeleg å få til deiga for hand kan du fint bruke ein foodprocessor og kjøre deiga raskt saman der.
For å lage karamell til eplene har du i alt sukkeret og smøret i ei steikepanne på 24-26 cm med høg kant. Varm opp på medium lav varme til alt smøret og sukkeret har smelta og strø over vaniljen. I mellomtida kan du skrelle eplene og dele kvart eple i ganske store båtar. Eg brukte store epler og delte då kvart eple i ca. seks båtar. Eplene vil krympe saman litt under steiking. Legg så eplebitane tett saman i ein ring i steikepanna oppå smør- og sukkerblandinga og fyll inn med epler til du har dekt alt.
La så dette stå og koke på plata over lav varme i ca. 35-40 minutter, til eplene har blitt mjuke og karamellen er lys gyldenbrun. Du kan gjerne pensle over karamellen på oversida av eplene nokre gongar under steikinga også. Forvarm så steikeovnen til 190 ºC.
Kjevle så ut tertedeiga på eit lett melete underlag til ein sirkel som er litt større enn steikepanna og er ca. 3 mm tjukk. Legg deiglokket over epla og press ned rundt kantane slik at du “pakkar inn” eplefyllet.
Sett så inn heile steikepanna midt i steikeovnen og steik i ca. 25-30 minutter, til deiga har blitt sprø og gylden på farge. Ta så ut av ovnen og la kvile i 5 minutter før du legg kakefatet over panna og snur heile greia oppned. Bruk grytevottar då dette er glovarme saker. Lett så av steikepanna og dytt på plass eventuelle bitar som har løsna eller sitt fast i steikepanna. Har du lykkast så skal kaka vere i ein heil del, men smaken er like fantastisk uansett utsjånad.
For å lage kremen blander du berre kremfløte, vaniljeekstrakt og melis i ein bolle og piskar til stiv krem. Server så lunka kake med kremen til og sett tenna i dei litt seige karamelliserte eplebitane med sprø botn.