Terte med aubergine, squash & gulrot

[dropcap]D[/dropcap]enne grønsaksterta er full av smak og gode råvarer og er fin til både lunsj og middag. Som regel inneheld middagsmåltida her enten kjøt eller fisk i ei eller anna form, men det å bytte ut dette med vegetarrettar innimellom er berre sunt. Spesielt når det kan smake så godt som dette. Terta har ein sprø tertebotn som flakar seg perfekt når du sett gaffelen i den, eit kremostfyll med mykje urter og smak og strimlar med grønsaker på toppen.

Terter er perfekte å lage til tapasbord eller dersom du skal ha noko godt til lunsj eller middag. Dei er også det perfekte å ta med seg på besøk til festleg lag og koldtbord. Så kanskje er ei terte noko å tenke på til 17.mai? Denne er iallefall enkel å lage og krever kun litt dandering av grønsaksstrimlar.

DSC_0979

[recipe-foody]Ingrediensar til grønsaksterte for ca. 8 personar:

Tertedeig:

  • 220 g kveitemjøl
  • 1 klype salt
  • 150 g meierismør, kaldt & i terningar
  • 1 eggeplomme
  • 2-3 ts kaldt vatn

Kremostfyll:

  • 2 dl Philadelphia kremost naturell
  • 2 ss Dijonsennep
  • 1 sjalottløk, finhakka
  • 2 ss parmesan, reven
  • 1 neve fersk basilikum, finhakka
  • 2 ss fersk rosmarin, finhakka
  • 2 ss fersk timian, finhakka
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Grønsaksfyll:

  • 1 stor aubergine
  • 1 stor squash
  • 2 gulrot
  • olivenolje
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Fyrst må du lage klar tertedeiga. Bland saman kveitemjøl og salt og kna i det kalde smøret til du får ei kornete blanding. Bruk ein gaffel og rør inn eggeplomme og vatn til du får ei samanhengande og fast deig. Viktig at du ikkje jobbar for mykje med deiga her. Form deiga til ein rund ball og trykk den flat slik det blir lettare å kjevle seinare. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 30 minutter.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Kjevle ut tertedeiga til ein sirkel som passar til ei terteform med laus botn på ca. 24 cm. Trykk deiga forsiktig ned i forma og la deiga komme godt opp på kantane. Prikk deiga med ein gaffel og sett den kaldt i kjøleskapet medan du forbereder resten.

Bland saman kremost, dijonsennep, sjalottløk, parmesan, basilikum, rosmarin og timian i ei skål. Smak til med sitronsaft, salt og peppar og sett til sides. Skrell gulrøtene og bruk deretter ein potetskrellar eller ein mandolin til å skjære lange tynne strimlar på nokre mm tjukkelse av både gulrot, aubergine og squash. Aubergine-og squashskivene må du dele i to på langs slik at dei ikkje blir alt for høge i terta. Ta tertedeiga ut av kjøleskapet og fordel kremostblandinga i eit lag i botnen på terta. Ta deretter ein strimmel med enten gulrot, squash eller aubergine og rull den saman til den liknar ei rose. Sett den ned i kremostblandinga i midten av terta. Fortsett deretter med å legge strimlar med grønsaker rundt den fyrste i midten av terta slik du får ein spiral av grønsakene heilt du har fylt ut forma. Ringle over litt olivenolje og krydre med salt og peppar på toppen. Sett terta midt i ovnen og la den steike i ca. 50 minutter, til deiga er gylden og sprø og grønsakene har blitt møre.

Server terta med litt grøn salat og gjerne litt finreven parmesan på toppen. Sunt, enkelt og smakfullt!

DSC_0012

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*