Thaifiskekaker

[dropcap]D[/dropcap]et er lite som slår ferske og saftige heimelaga fiskekaker ein kvardag der fisk skal på menyen. Er du derimot lei dei vanlege fiskekakene med kvit saus er desse eit eksotisk innslag. Fiskekaker med asiatisk preg er fin variasjon til den klassiske utgåva vi brukar. Fiskekakene er laga av torsk med vårløk, raud curry paste og lime  og er servert saman med søt chilisaus.

Fiskekakene er også fine å fryse ned og ha liggjande klar til kjappe middagsmåltid seinare. Hugs berre på å bruke fersk fisk (som ikkje har vore frossen) når du skal lage fiskekakene. Har du prøvd å lage fiskekaker eller fiskebollar av fisk som har vore fryst og tint opp att før skjønar du nok kva eg meinar. Då får du nemleg knudrete kaker som ikkje heng saman skikkeleg og lett går i stykker. Dette er på grunn av proteina som finst i fisken som har endra struktur etter å ha fått ein tur i frysaren. Ferdige fiskekaker er derimot ingen problem å fryse og tine opp igjen!

Server dei asiatiske fiskekakene saman med søt chilisaus, ris og gjerne ein frisk agurksalat med litt chili. Oppskrifta er også nydeleg god å lage fiskeburger av og servere saman med chili-majones og salat i pitabrød.

uhdl%XDiTdae1N6cFYTZUg_thumb_7446

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 18-20 stk. små fiskekaker:

  • ca. 700 g fersk torskefilet, skinn-og beinfri
  • 2 toppa ts raud curry paste (eg har brukt Santa Maria red curry paste)
  • 1 ss fish sauce
  • 1 strøken ss potetmjøl
  • 3 små vårløk
  • 2 ts sitronpepar (krydderblanding)
  • 2 ½ dl lettmjølk
  • lime, saft
  • salt
  • smør, til steiking

[/recipe-foody]

Skjær torsken i små terningar og ha det i ein foodprocessor. Kjør til fisken har blitt til grov farse. Ha i curry paste, fish sauce, potetmjøl og sitronpepar og kjør til alt er godt blanda saman. Finhakk vårløk i tynne strimlar og ha i saman med resten. Kjør blandinga på middels hastigheit samtidig som du sper på med litt og litt mjølk til du har fått ei fast og fin farse. Skvis over litt limesaft og smak til med salt (ja,det går heilt fint å smake på rå fiskefarse).

Når du har fått ein passe krydra farse varmer du opp ei steikepanne. Bruk ei spiseskei til å forme passe store fiskekaker. Eg brukte ca. 1 ½ ss med farse pr. fiskekake. Ha klart eit glas med kaldt vatn og dypp skeia i det mellom kvar fiskekake slik det blir lettare å forme dei med skeia. Steik på middels høg varme i ca. 2-3 minutt på kvar side (alt etter storleik) i rikeleg med smør, til dei er gyldne og har fått fin steikeskorpe.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*