Tikka masala med laks & produktanbefaling

                                                                                                             Sponsa innlegg

[dropcap]T[/dropcap]ikka betyr kryddermarinert kjøt eller grønsaksbit og ordet masala betyr krydderblanding. Tikka masala er ein britisk-indisk matrett og er oftast laga med kylling, men kan også lagast med for eksempel fisk eller lam. Her har eg laga den indiske retten med laks og kokosmjølk.

Eg har vore så heldig å få lov å teste ut nokre produkt frå Masala Magic som har ein eigen produktserie med blant anna chutney, krydderpaste og det nyaste produktet nanbrød. Produkta finn du mellom anna  i Jacobs, Meny og Eurospar-butikkar rundt om i landet. Sjølv er eg svært opptatt av at mat skal vere ekte, laga frå botnen av og innehalde gode ingredienser. Derfor synest eg at desse produkta er heilt topp då dei er utan kunstige konserveringsmiddel og i tillegg er naturleg gluten*-og laktosefrie (*med unntak av nanbrødet). I tikka masala-lakseretten har eg brukt Masala Magic Tikka Masala krydderpaste med cashewnøtter som smaksforsterkar. Den inneheld mellom anna tomat, ingefær, spisskummen, chili og gurkemeie og gir ein sterk og aromatisk smak til ulike typar indiske rettar. Tilset den gjerne i gryter som inneheld fløte, yoghurt eller liknande for å gi ein eksotisk og smakfull rett.

+tWJuugDTXa7olrEYFzrIQ_thumb_6b71
Sponsa innlegg

Det siste tilskotet i produktserien er nanbrød som eg har fått teste ut. Eg er forkjempar for heimelaga mat og vil aller helst lage alt frå botnen av sjølv. Allikevel er ein ofte i tidsklemma og har behov for noko som går raskt dersom ein ikkje har laga klart tilbehøret på førehand. Desse nanbrøda er nok det nærmaste du kjem heimelaga og inneheld naturlege ingrediensar. Smaken og konsistensen på desse nanbrøda var svært god med luftig og saftig brød. Mange av dei ferdiglaga nanbrøda på butikkane synest eg ofte blir svært tørre og seige i konsistens, medan desse var det motsatte. Dei smakte utruleg godt saman med indiske sterkt krydra gryter og gjerne med ein klatt smør på. Til tross for at eg likar å bake sjølv er desse nanbrøda av dei beste ferdigprodukta eg har smakt. Dei kjem derfor til å stå på mi handleliste neste gong eg treng nanbrød og ikkje har fått bakt sjølv. Krydderpaste og krydderblandingane kjem eg definitivt til å bruke meir av i forskjellige rettar for å få god og sterk smak til indiske og asiatiske rettar. Nettsida til Masala Magic inneheld både oppskrifter og produktinformasjon og den finn du ved å trykke på lenka her.

IMG_19481-640x640
Foto: masalamagic.com. Krydderpaste som er ypperleg til indiske krema gryter med yoghurt, fløte eller kokosmjølk.
7071992001118_a1c1-t589808e3-m600-tif-pv-x26f51f84
Foto: nirusverden.com. Nanbrød frå Masala Magic.

[recipe-foody]Ingrediensar til tikka masala med laks for 4 personar:

  • 4 x 125 g laksefilet (utan skinn & bein)
  • 1 liten rødløk
  • 1 ts fersk ingefær, finriven
  • 3 ss Masala Magic tikka masala paste (juster mengde etter ønska styrke)
  • 2 store plommetomat
  • 400 ml krema kokosmjølk
  • 1 dl fiskekraft
  • 1 grøn paprika
  • lime, safta
  • fersk koriander
  • salt & pepar
  • rapsolje, til steiking

Tilbehør:

  • grøn salat
  • nanbrød

[/recipe-foody]

Varm opp litt olje i ei steikepanne. Krydre laksefiletane med eit lite dryss salt og pepar og steik dei på høg varme i panna i ca. 1 minutt på kvar side. Legg til sides på eit fat. Grovhakk løken og steik den i panna til den er mjuk og blank. Tilset ingefær og krydderpaste og la det surre med i eit par minutt. Skjær tomat i terningar og ha i panna. La det koke inn i ca. 5 minutt. Skjær paprika i terningar. Tilset kokosmjølk, fiskekraft og paprika i panna og gi det eit oppkok. Legg fiskefiletane i panna igjen og skru ned varmen. La fisken trekke i nokre minutt, til den er gjennomsteikt. Smak til sausen med limesaft og eventuelt meir salt og pepar etter behov. Strø over litt fersk koriander og server saman med varme nanbrød med smør og litt grøn salat.

%SNJmwLtSKWhynZEgYl7rg_thumb_6b8f

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*