Tips til oppskrifter med kantarell

Hausten er tida for sopp og innekos. Den aller beste soppen synest eg sjølv er kantarell. Den gir ein heilt spesiell smak til måltidet og kan brukast på mange måtar.

I dette innlegget har eg samla mine beste oppskrifter med kantarell. Rettane er eg så glad i at dei blir tekne fram igjen kvar haust når soppsesongen atter ein gong er på plass. Her er det oppskrifter på alt frå pizza til lasagne og suppe. Så her vil du nok kunne finne ein rett som vil passe for deg også. Oppskriftene finn du ved å søke i arkivet eller trykke på lenkjene på tittelnavnet her.

  1. Kantarell-& baconlasagne: 

dsc01039

Lasagne med kantarell og bacon er nok ein av mine aller største favorittar. Lasagnen har god smak av sopp og bacon og ein krema saus med spinat og fløte.

2. Kantarellsuppe:

DSC_0171

Ingenting er bedre å varme seg på enn ei krema og fyldig suppe i haustkulden. Denne bør absolutt prøvast!

3. Kantarellpai:

DSC_0011

Ein god pai med sprø tertebotn og eit fyll med egg, løk, sopp og bacon passar perfekt saman med ein grøn salat og litt vinaigrette. Paien er perfekt som både middag, lunsj eller kvelds!

4. Krema kantarell-& kyllingpasta:

dsc01364

Denne retten er det nyaste tilskotet i kantarelloppskriftene og er eit skikkeleg kosematmåltid. Krema saus med god smak frå kyllingkjøtdeig, sennep og salvie saman med den smørsteikte kantarellen.

5. Hjorteburger med tyttebærdressing & kantarell:

DSC00589

Ein saftig burger med heimelaga brød og god dressing er aldri feil. Denne har burger av hjortekjøtdeig, tyttebærdressing og smørsteikte kantarellar.

6. Sopprisotto med kantarell & ruccula:

DSC_0259

Ein god risotto skal ha klebrig ris som framleis har litt tyggemotstand og ein krema god konsistens. Denne blir perfekt med god kantarell på toppen!

7. Pizza med reinsdyrskav & kantarellar:

DSC_0540

Hausten er ikkje komplett utan eit måltid med reinsdyrskav. Prøv deg på ein litt annleis pizza der reinsdyrskav, kantarell og tyttebær er hovedingrediensar!

8. Sandwich med kantarellstuing:

dsc01285

Ein sandwich med soppstuing av kantarell er det perfekte lunsj-eller kveldsmåltidet. Lettvint og svært smakfullt.

9. Kvardagsbiff med kantarellsjysaus & byggris:

DSC_0090

Biff betyr ikkje nødvendigvis at det høyrer helga til. Dette måltidet er enkelt og raskt å lage og kan lett serverast på ein kvardag.

10. Kantarellpizza med karamellisert sjalottløk & strandaskinke:

DSC00614

Kvit pizza med kantarellar kan ein vel ikkje få nok av?! Denne pizzaen er skikkeleg snaddermat og er perfekt til helgekosen.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*