Torsk i raud pesto- & fløtekraft med soltørka tomatar

/Innlegget inneheld annonselenker/

[dropcap]T[/dropcap]orsk saman med soltørka tomatar og ein fløtekraftsaus med raud pesto er smakfull fiskemiddag som er like fin til kvardags som til helg. Fløtekrafta som fisken blir tilberedt i smakar nydeleg av dei soltørka tomatane som gir ein fin og rund smak til retten.

Denne retten er kjapp å lage og krever lite utstyr, så den er super til kvardagar der ein har lyst på ein smakfull rett med fisk. Smaken på fløtekrafta vil variere alt etter kva slags type raud pesto du brukar. Her vil det bli like vellykka enten du brukar heimelaga pesto eller om du vel ein ferdiglaga type frå butikken. Ved sidan av denne fiskeretten serverte eg kokt byggris som smakte perfekt saman med den saftige fisken. Den fine forma eg har laga retten i er av merket Eva Solo og den får du kjøpt på mellom anna denne nettbutikken.

DSC00483

DSC00469
Sponsa ildfast form frå Kitchentime

[recipe-foody]Ingrediensar til torsk i raud pesto-& fløtekraft for ca. 3-4 personar:

  • 600 g lettsalta torskefiletar, skinn- & beinfrie
  • 2 dl matfløte
  • 2 dl fiskekraft (evt. fiskebuljong utblanda i varmt vatn)
  • 2 toppa ss raud pesto
  • 1 liten gul løk
  • 1 stor neve soltørka tomatar
  • pinjekjerner
  • fersk persille, finhakka
  • havsalt & nykverna svart peppar
  • reven parmesan

Til servering:

  • byggris
  • evt. rucculasalat

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Krydre torskefiletane med nykverna svart peppar og legg dei i ei passande ildfast form. Skjær løken i tynne ringar og fordel utover i forma saman med fisken. Ha matfløte, fiskekraft og raud pesto i ein bolle og bland det saman. Smak til med litt havsalt etter behov, men husk på at fisken også er lettsalta. Hell pesto-og fløtekrafta over i den ildfaste forma saman med torsken. Fordel soltørka tomatar rundt i forma og strø over rikeleg med pinjekjerner. Til slutt strør du over litt finhakka persille og eventuelt litt reven parmesan over fiskestykka. Sett inn i den forvarma ovnen og la steike i ca. 25 minutter, til torsken er passe mør og dei soltørka tomatane har blitt gyldne.

Server retten saman med kokt byggris og gjerne litt ruccula for å få litt grønt til retten.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*