[dropcap]T[/dropcap]orsk i panne med tomat, chorizo og safran gir assosiasjonar til det spanske kjøkken og er ein herleg rett som kan serverast til både kvardags og fest. Saman med ferskt focacciabrød blir dette ein fin rett som kan minne litt om ein ekstra aromatisk bacalao.
Det fine med denne retten er at du får fram masse gode smakar uten at det må stå og koke over lang tid. Dersom du er glad i bacalao vil nok denne retten også falle i smak. Retten skil seg frå bacalao ved at du ikkje har den salte fisken, men får den svært karakteristiske smaken av safran som framtredande innslag istaden. Med nystekt focacciabrød og eit glas kvitvin ved sidan av så blir dette ein fin middag som kan vekke fram spanske minner.
[recipe-foody]Ingrediensar til spansk torskepanne for ca. 4 personar:
- 4 x 150-200 g torskefilet, uten skinn og bein
- 100 g chorizopølse
- 1 gul løk, finhakka
- 2 fedd kvitløk, knuste
- ½ ts paprikapulver
- 1 neve soltørka tomat, finhakka
- 100 g fersk spinat
- 1 klype safran
- 1 dl kvitvin
- 2 ½ dl fiskekraft
- 400 g hermetisk tomat av god kvalitet
- 1 ss tomatpurè
- 1 ts sukker
- 1 boks kikerter
- 1 sitron, safta
- salt & peppar
Til servering:
- 1 vårløk, i tynne ringar
- fersk bladpersille, finhakka
- foccaciabrød
[/recipe-foody]
Varm opp ein ørliten klunk olivenolje i ei steikepanne med lokk til. Skjær chorizopølsa i små terningar og steik den på middels varme til den blir sprø. Legg til sides chorizoterningane og la oljen frå pølsa bli igjen i panna. Ha i løk, kvitløk og paprikapulver og la det surre i oljen til det er mjukt. Tilsett så soltørka tomat, spinat og safran og la det surre nokre minutter til spinaten har krympa saman. Ha i kvitvin, fiskekraft, tomatar, tomatpurè og sukker og la det småputre under lokk i ca. 10-15 minutter. Ha i chorizoterningane saman med kikerter og sitronsaft. Smak til med salt og peppar. Krydre deretter torskefiletane lett med salt & peppar og legg dei på toppen av tomatsausen slik dei stikk litt opp over blandinga. Legg på lokket og la det småputre på lav varme i ca. 10 minutter, til fisken er akkurat gjennomtrekt og framleis er saftig. Strø over litt vårløk og persille og ringle til slutt over litt god olivenolje. Server fisken i panna på bordet slik at den held på varmen. Nyt saman med godt focacciabrød som du kan dyppe i tomatkrafta.