Torsk med ertepurè & potetlompe

[dropcap]T[/dropcap]orskefilet servert med ertepurè, potetlompe, elgpølse, pastinakk og pepperrotsennep. Denne fiskemiddagen vart laga på null komma niks, men smakte allikevel himmelsk!

Fisk har det blitt alt for lite av her i huset dei siste vekene, men då eg smakte på dagens fiskemiddag må eg seie at eg lurer på kvifor. For denne middagen smakte fortreffeleg. Ein heilt annleis fiskemiddag som er ferdig på få minutter.

DSC_0235

[recipe-foody]Ingrediensar til torskefilet med tilbehør for 4 personar:

  • 125 g x 4 fersk torskefilet, uten skinn og bein
  • 4 potetlomper (gjerne etter oppskrift her)
  • 500 g frosne erter
  • 2 sjalottløk, finkutta
  • 2 ss lett crème fraÎche
  • 1 ss smør
  • sitronsaft
  • ½ liten pastinakkrot
  • elgpølse (evt. reinsdyrpølse eller anna spekepølse)
  • frisk timian
  • pepperrotsennep el. vanleg sennep
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 200 ºC.

Skjær elgpølsa i små terningar og sprøsteik i ei tørr steikepanne. Skjær pastinakk i tynne strimlar og sett til sides. I ein liten kjele kokar du opp lettsalta vatn og har i erter og sjalottløk og lar det koke i 1 minutt. Hell av vatnet og tilsett crème fraÎche og smør og kjør ertene til purè med ein stavmiksar. Smak til med salt og peppar og sitronsaft.

Kok opp lettsalta vatn i ein kjele og legg i torskefiletane og la dei trekke på svak varme i ca. 4 minutter. Legg potetlompene på ei rist og la dei stå nokre minutter i ovnen til dei har blitt sprø og gyldne i kantane.

Riv opp potetlompene i bitar og server saman med ertepurè, torskefilet, pastinakkstrimlar og ein klatt sennep ved sidan av. Krydre fisken lett med ferskkverna peppar og topp med den sprøstekte elgpølsa og litt frisk timian over.

DSC_0237

Ein kjempe enkel og sunn rett som smakar like godt til kvardags som til helg!

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*