Vaniljeiskrem på 1-2-3

Denne iskremen er luftig og smakar godt av vanilje. Og det aller beste? Du treng kun tre ingrediensar og 5 minutter før den går i frysaren.

Iskrem er ein fantastisk dessert som passar når som helst og fell i smak hos alle. Denne iskremen får ein luftig og mjuk konsistens med god og søt smak frå søta kondensert mjølk og vaniljestang. Iskremen treng heller ikkje verken ismaskin eller røring undervegs i innfrysinga, så dette er kjapt og lettvint å lage. Med denne isblandinga har du også eit godt utgangspunkt for mange typar smakar og kan røre inn ønska ingrediensar i den ferdig piska kremen. Du kan for eks. røre inn bær, sjokoladebitar, kjeks, karamell, nøtter etc.

DSC_0975

Ingrediensar til ein porsjon vaniljeiskrem:

  • 6 dl fløte
  • 1 boks søta kondensert mjølk (397 g)
  • 1 vaniljestang

Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa. Ha vaniljefrø, fløte og kondensert mjølk i ein stor bolle og pisk det i maskin i nokre få minutter, til blandinga blir tjukk og luftig. Konsistensen skal vere litt som stivpiska kremfløte. Hell isblandinga over i ei brødform eller liknande og dekk med plastfolie. Sett forma i frysaren og la isen fryse inn. Dette vil ta nokre timar.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*